Show full image
Hide full image

Flåmsbrygga Hotell AS

Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.
Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.

Her kan du nyte peisvarmen og den karakteristiske lukta og smaken av Ægir-ølet. Prøv den vikinginspirerte menyen, den populære burgaren Harald Hårfagre eller bestselgaren Vikingplanken - 5 rettar meny med ølsmaking.
I den rustikke kaféen og restauranten vår, på terrassen eller i hagen, kan du om sommaren velge lunsjbuffet, lokal mat, internasjonale rettar, kaffe, kaker og den beste iskremen. 
Vi tilbyr presentasjon, øl og akevittsmaking, utflukter og aktivitetar. Prøv våre populære pakkar med fjordsafari, trugetur eller vandring og heilaften i Ægir BryggeriPub.